tysdag 31. mai 2011

Kjøkkenet er oppskrudd

Lovde bilete og oppdatering frå bloggen i går.
Me kom ikkje heim før nærmare klokken 24 så eg valgte heller senga.
Men her er ein etterlenga oppdatering:)

Sidan forrige oppdatering har det skjedd ganske mykje.
Taket på kjøkkenet har fått 3 strøk med hvitmaling og det samme har pipa fått.
Ellers har veggane fått 3 strøk koksgrå frå Lady.
Meget fornøyd med resultatet, sjølv om det ikkje var meg sjølv som gjorde det.
Har fortsatt kjempegod hjelp:)

Dette er ikkje noko bra bilde. Ser mykje betre ut:)

Heile mandagskveld gjekk med til kjøkken sammensetting, sammen med svigers og Odd.
Trangt og vanskelig var det, men heldigvis hadde me rekna rett og fekk plass til alt.

Hurra!:)

Var  ganske spent på den svarte ramma rundt kjøkkenet me hadde valg.
Men usikkerheten var uberettiga. Det ble fantastisk flott:)
Synest dere det ser bra ut?





Marthå er trøytte og lei. Eg vil "him"



Som dere ser gjenstår det og skru sammen dørene og sette i skuffene.
Nokon som melde seg frivillig denne helga? :)

Vi stressa litt med å få inn ovnen og mikroen. Hylleplatene vart flytt fleire ganger.
Men no trur me vertfall at hvitevarene står rett.
Men me er spent på om det er plass til tre skuffer under.
Hvitevarene er kjøpt på Expert, og det kan muligens by på problemer.
Men me krysser fingrer for at det ordner seg. Alt ordner seg jo for snille piker?

Me har ikkje fått benkeplata.
Håper den kjem i slutten av denne veka, men stoler ikkje 100 % på det.
Personen som me bestilte den av virka lettere senil.
Krysser fingrane for at han ikkje har gløymt heile greia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar